Sol med info om tid og sted

SÅ KJEKT Å HA DYKK MED PÅ LAGET!

Saman byggjer me framtidas Suldal – bit for bit.

Denne dagen er delt i to

Før lunsj arrangerer Suldal kommune sin del av programmet.Etter lunsj inviterer Ryfylke IKS til ein presentasjon og dialog om Heim te Ryfylke* som er ei felles digital satsing for rekruttering og omdømme i regionen.

Velkomen!

Takk for at de vil vera med og bidra. De er ei av dei viktige brikkene som gjer Suldal sterkare. I denne samlinga ska me byggja vidare på innsikta, erfaringane og krafta de sit på – og saman ska me finna nye måtar å styrka rekruttering, trivsel og arbeidskraft i kommunen vår.

Kvifor delta?

I denne workshopen får de:

  • Påverka framtidas rekrutteringsarbeid i Suldal
  • Bidra direkte til tiltak som gjer det lettare å jobbe, bu og bli
  • Møta andre engasjerte bedriftar og unge vaksne
  • Utforska idear på ein kreativ og konkret måte
  • LEGO®-basert metodikk som gjer det lett å dela innsikt på ein trygg måte

Kva forventas av dykk?

Ikkje noko!

Berre møt opp med ope sinn og lyst til å dela tankar.

Hugs å ta me LEGO®-klossen frå invitasjonen, resten ordnar me.

Heim te Ryfylke

*Heim te Ryfylke er ei felles digital plattform som samlar jobbar, bustader og informasjon om livet i Ryfylke – utvikla for å nå nye målgrupper og gjere rekruttering enklare for bedrifter og kommunar.

Kvifor er dette relevant for deg?
  • Sjå kor langt løysinga har kome
  • Påverke innhaldet før det blir låst
  • Vere med og sikre at dette blir eit nyttig verktøy for di verksemd

Program

Påmeldingsfrist:

14. januar

  1. Velkomne og intro
  2. Inspirasjonsforedrag frå PlayDesign
  3. LEGO®-basert idébygging
  4. Gruppedrøfting og prioritering
  5. Felles vegval – kva gjer me vidare?
  6. Avslutning workshop del 1 –
    brikka de har lagt betyr noko
  7. Servering: Kaffi, te og noko attåt
  8. Del 2: Heim te Ryfylke – ved Ryfylke IKS

Påmelding

Praktiske detaljer

Når: Onsdag 21. januar 2026

Tid: 09.00–14.00

Stad: Kulturhuset, Sand

Parkering: Det er tilgjengeleg
parkering rundt kulturhuset

Servering: Me serverer lett lunsj

Landingssiden driftes av PlayDesign, som er samarbeidspartner for workshopen. Prosjektet og innholdet eies av Suldal kommune.